Eg ser utover havet
Alt er stille no
Ditt andlet i mitt indre
Fastbrent i mitt sinn
Ei openberring av jordsleg art
Etterlot meg naken, utan makt
Sanselaust berusa,
tapt i ditt blikk
Eg såg meg sjølv gå under
Men flammen gav meg fred.
Bølgjeslag mot hjarteslag
Fortapt i alt mitt hat
Utan grenser, utan håp
Eg lot mi sjel forgå.
Hatet rår!
Iskalde kjensler, lamma av nag
fødd mellom skuggar og skam
Ut frå det stille
eit helvetes kall
Kvalt av ei ljosfri verd.
Lagnaden lir!
Svartna sinn, ser dauden nær
Håpet svinn!
Eg vakar Gjennom natta.
Heimsøkt av mine draumar
Mitt svik var størst av alle
Mi sorg er utan trøyst.
Endesongens siste farvel
Ein klagesong i det fjerne
Ein song som stig i styrke
Ein song som stig i kraft
Текст песни Cor Scorpii Endesong
Текст добавил Skogsdotter 20.3.2013 19:23
Исправлять тексты могут только зарегистрированные пользователи
Поделиться текстом
Комментарии к тексту:
Оставлять сообщения могут только зарегистированные пользователи.
Войти на сайт или